• Big_jennyhval Jenny Hval
    25
    mar

    Jenny Hval

    25. mars 2011

    Kl. 22:30

    Teglverket

    CC: 140

    Jenny Hval

    Jenny Hval aka Rockettothesky

    I 2006 slapp Jenny Hval debutalbumet “To Sing You Apple Trees”, då under namnet “Rockettothesky”. Dette albumet vart godt mottatt av både kritikarar og publikum. Det “vanskelege 2. albumet” kom i 2008 med namnet “Medea”. Dette var eit meir eksperimentelt album med mykje improvisasjon.

    Etter “Medea” har Jenny Hval gjort mykje forskjellig, mellom anna komponert verket “Meshes of Voice” med Susanna Wallumrød (Susanna and the magical Orchestra), gitt ut den kontroversielle boka “Perlebryggeriet” og starta ein ein “free folk/improv” duo med Håvard Volden.

    18. Februar kom albumet “Viscera”, no under eige namn, som har fått strålande kritikkar i dei største avisene i landet.

    Med seg i bandet har Jenny Hval gitaristen Håvard Volden og Kyrre Laastad på trommer og perkusjon.

    Anmeldelsar

    CC: 140 kr + avgift

    Billetter kjøpes på Apollon, på Billettservice eller i døren (hvis ikke utsolgt på forhånd).

    For info om vergeordning på Kvarteret, klikk og les mer her.