• Big_avm-01-foto-emblakaridotterdahleng Alexander von Mehren
    24
    jan

    Alexander von Mehren

    24. januar 2013

    Kl. 22:30

    Teglverket

    150,- / 120,- (BT-Kort)

    Alexander von Mehren slapp sin fyrste singel «La Chanson de Douche» i starten av mai månad. Og den vart kjapt plukka opp av utanlandske musikkbloggar som Sterogum og Peel Apart. Låta er henta frå Alexander von Mehrens etterlengta debutalbum «Aéropop», som kjem ut på seinsommaren. Utgivinga har vert eit svært tidkrevjande prosjekt, og er fullsatt med musikalske bidrag frå både nasjonale og internasjonale musikarar. Gjennom dei siste åra har han også frekventert som fast pianist (mm.) i banda til både Sondre Lerche og Nathalie Nordnes, og tatt del i ei rekkje andre utgivingar. På soloprosjektet til Alexander er musikken sterkt inspirert av blant anna library music og filmmusikk frå 60- og 70-talet.

    «La Chanson de Douche» var også den fyrste låta som vart skreven då von Mehren gjekk i gong med innspelinga av albumet. Med sin buktande detaljrikdom og sitt livlege arrangement illustrerer låta godt kva ein kan forvente seg av Alexander von Mehrens komande debutalbum. «Aéropop» vart spelt inn over en femårsperiode i von Mehrens eige studio utanfor Bergen, med musikalske bidrag frå medlemmer av blant anna The High Llamas, Tortoise og Jaga Jazzist, samt lokale strykarar, blåsarar, vokalistar og gitaristar.

    Albumet er miksa av John McEntire frå Tortoise og von Mehren i Soma Electronic Music Studios i Chicago, og mastra av Steve Rooke og von Mehren i Abbey Road Studios i London. «Aéropop» byr på eit friskt og organisk lydbilde – med instrumentallåtar og spor med fransk- og engelskspråkleg tekst.

    Billetter kjøpes i døren

    Foto: Embla Karidotter Dahleng