• Big_hypertext_ny_h_y Hypertext + support: Silja Dyngeland
    2
    mai

    Hypertext + support: Silja Dyngeland

    2. mai 2013

    Kl. 22:30

    Teglverket

    120,- / 95,- (BT-Kort)

    Bergen har mykje å takka Haugesund for. På starten av 2000-talet fann den eine haugesundaren etter den andre det godt å flytta nordover, til Bergen, for å dyrka sitt musikalske virke. Slik har det oppstått eit nesten eige miljø i Bergen, og frå dette oppsto kvartetten Hypertext i 2006. Det tok ikkje lang tid før den vaks til ein sekstett, som har hatt medlem frå både Casiokids, The Gin and Tonic Youth, Susanne Sundfør, Kathinka og Electric Eye.

    Bandet har gjennom element frå krautrock, støy, shoegaze og pop/rock kome opp med sin eigen sjølverklærte og unike sjanger – astronaut kraut. Hypertext byr på velprodusert og appellerande popmusikk, med underfundige melodiar og ei alternativ tilnærming til både instrumentering og låtstrukturar.

    Med to studioalbum i kofferten har gjengen turnert nedover Europa, og vore innom festivalar som Øya, Hove, by:Larm og Spot-festivalen i Danmark.

    I løpet av 2012 har Hypertext gitt ut fire singlar som ein del av eit større singelprosjekt, med Jørgen Træen som produsent og Lars Horntveth frå Jaga Jazzist som gjestemusikar. Dei to samarbeidspartnarane er også med vidare i arbeidet med det nye albumet. På den komande utgivinga ynskjer bandet å eksperimentere med den tradisjonelle opptaksprosessen, og jobbar med heile prosessen parallelt: låtskriving, komponering og innspeling skjer alt samstundes, i studio.

    Hypertext har tidlegare gitt ut på sitt eige plateselskap, Emelie Records. Denne gongen er det Klangkollektivet som stolt kan presentere deira komande album, som slippes i midten av april 2013. Før den tid kommer det to singlar frå albumet, ” The Paradox Decides” (11. Januar) og ” Skyhook” (4. Februar).

    Besetning:
    Erik Johan Bringsvor: vokal, gitar
    Anders Bjelland: gitar
    Annette Kathinka Servan: vokal, synth, sampler
    Snorre S. Lyngstad: bass
    Øivind Hatleskog: orgel, synth, gitar, vokal
    Joachim Amundsen Trana: trommer

    Billetter kan kjøpes på Billettservice

    Omtaler:
    http://www.thisisthebigbeat.com/2010/08/hypertext-norways-broken-social-scene.html
    http://gaffa.com/nyhet/56082
    http://www.h-avis.no/puls/hypertext-med-nytt-album-1.5791357
    http://www.osloby.no/article457346_2.ece
    http://www.side2.no/underholdning/article3028164.ece
    http://www.musiq.no/anmeldelse.php?anmno=1449
    http://birdssometimesdance.com/anmeldelser/astronaut-kraut/
    http://smug.no/post.aspx?ID=6734
    http://www.vg.no/musikk/artikkel.php?artid=10010709

    Silja Dyngeland

    Silja Dyngeland er en fremadstormende musiker og låtskriver fra Bergen. Hun slapp i høst den norskspråklige singelen ”Noe” hvor stappfulle lokaler og utsøkte anmeldelser tyder på stor iver og interesse for 23-åringen. Blant andre jublet Bergens Tidende over en ”smellfin” debutsingel.

    Fansen holder nå pusten mens Dyngeland om dagen spiller inn debutplaten sin i samlag med produsent Kato Ådland i studio 5071. Tekstene omhandler alt fra nære følelser, som det kan være lett å relatere, til små og rare historier. Sjangermessig hører hun innunder det hun selv kaller dyngis-pop og begynner å finne seg til rette i et personlig uttrykk.

    http://www.nrk.no/urort/Artist/SiljaDyngeland/default.aspx