• Big_arekalvo Møte: Laurdagspils med Are Kalvø

    Møte: Laurdagspils med Are Kalvø

    19. mai 2012

    Kl. 20:00

    Teglverket, Det Akademiske Kvarter

    CC: Helhus-inngang (50 kroner)

    • Innleiar: Are Kalvø, Sunnmøring
    • Møteleiar: Maria Dyrhol Sandvik

    Are Kalvø hyllar folk som trivst i lag

    Vi er meir enn gode nok i dette landet til å hylle folk som går åleine til polpunkt, folk som bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og andre som går langt for å sleppe å ha noko med andre menneskje å gjere, slår Are Kalvø fast. Han legg til at tida no er inne for å hylle dei som gjer det motsette: Folk som trivst saman med andre folk. Gjerne saman med mange andre folk.

    Han vil hylle dei store anledningane, dei store folkemengdene, dei store hendingane. Dei store festane der folk går bananas, tek på seg rare hattar, klemmer framande og gjer ting dei elles aldri ville finne på å gjere. Fordi folk er på sitt raraste, finaste, beste og mest morosame når dei er saman med andre folk. Folk er i det heile ikkje så ille som folk vil ha det til. 

    I fylgje Ivar Aasen er Kalvø ein av dei femti artigaste sunnmøringar i landet. I fleire år har Kalvø kritisert samfunnet på scena, i radioprogram, avisartiklar og bøker, utan at samfunnet ser ut til å ha tatt nemneverdig skade av det. Men av og til er Kalvø korkje samfunnskritisk, sarkastisk eller satirisk. Av og til er det berre tull og tøys. Velkomen til Heilhus med Are Kalvø på Kvarteret!