• Big_agnesravatn Møte: Laurdagspils med Agnes Ravatn

    Møte: Laurdagspils med Agnes Ravatn

    24. mars 2012

    Kl. 20:00

    Stjernesalen, Det Akademiske Kvarter

    CC: Helhus-inngang (50 kroner)

    • Innleiar: Agnes Ravatn, Forfattar
    • Møteleiar: Åse Sjøstrand

    Med overskrifter som «Vill kamp om Jakten-Jostein», «Charter-Elisabet sa ja til 21 år yngre mann» og «Sissel knuser Carola- se hvorfor» sel Se og Hør svimlande 1,7 millionar blad kvar einaste veke. Kvifor det?

    Agnes Ravatn er journalist i Dag og Tid. I fjor vart ho tildelt Språkrådets språkpris, og nominert til Brageprisen, for boka Folkelesnad. I boka har Ravatn samla fleire essay som tek for seg dei mest selde blada i Noreg. Det vil blant anna sei ein gjennomgang av grammatikk i pornoblad, dårleg samvit i kvinneblad og manglande journalistikk i kjendisblad.

    I boka set Ravatn spørsmål ved blada sine skyhøge lesartal: «Greitt for meg at folk ønskjer seg vekk frå kvardagens monotomi, men kvifor i all verda- om dei først er på flukt- vel dei å rømme hit? Kvifor til kornete bilete av kjendisar som er avfotografert i «uheldige» situasjonar?» Mest antipati har ho likevel mot dei redaksjonane som kvar veke sender blada i trykken, men framleis søv godt om natta. «Når det gjeld blada C! og D!, kan eg berre seie: Herregud, kva er det eigentleg de trur de driv på med?» Korleis kan desse redaksjonane forsvare magasin fullstendig blotta for journalistisk teft og noko form for interessant innhald?

    Ravatn kjem til Studentersamfunnet for å lese frå boka si, og deltek etterpå i ein samtale om kjendis-og kvinneblad. Bruk laurdagen din til å ta ein pils, bli underhaldt, sjokkert og få deg ein god latter. Dette blir kjekt!